Dette er studieretninga for deg som vil satse på eit yrke innan fiskerisektoren. Dette yrket er knytt til fangsting av fisk, tilarbeiding av råvarer, drift, tenesteyting og forvaltning av ressursar.
Skulen har godt samarbeid med lokale bedrifter. For å få øve på filetering m.m. får vi hente laks på Marin Harvest. På skulen sitt undervisningskjøkken kan vi behandle fisken og vidareforedle den til ulike produkt. Eks. gravlaks, røykt laks m.m. Sjå bilder frå kjøkkenet her!
Elevane i fiske og fangst er og mykje ute i båt. Skulen leiger båt i nokre perioder for å praktisere både drift av farty og fangst og reiskap. Her er bilder frå ein av båtane, "Sarato".
Når vinterfisket startar blir elevane utplasserte på ulike båtar i nærområdet.
Brusimulator ved skulen gjer at navigasjon blir eit spennande fag i programområdet på VG2 Fiske og fangst. Drift, kommunikasjon, ressurslære og utplassering på ringnot, trålar og anna farty er også tilbod på dette nivået. Etter 2 år på skulen kan du søkje opplæring i bedrift (båt) og ta fagbrev i fiske og fangst.
Vegen vidare kan gå til teknisk fagskule, på nautisk line (styrmann), eller via VG3 Naturforvalting og høgskuleutdanning.
Les meir om utdanninga i Vil bli
Om du vil lese meir om muligheitene i marin sektor kan du gå inn på heimesida til "Sett Sjøbein"!!