Utdanningsprogram for Naturbruk
Dette er studieretninga for deg som vil satse på eit yrke innan fiskerisektoren. Om du likar spenning, praktisk arbeid og fangst, så er sjansen stor for at det bor ein fiskar i deg. Dette yrket er knytt til fangsting av fisk, tilarbeiding av råvarer, drift, tenesteyting og forvaltning av ressursar.
I programfaget VG1 Naturbruk får du i tillegg til teoretisk og praktisk opplæring på skulen også prøve utplassering på både fiskebåt og oppdrettsanlegg. I programfaget "Prosjekt til fordjuping" kan du bruke tid på fag eller område som du er interessert i. Ei veke med tryggleikskurs (IMO 60) gir bl.a.opplæring i helse, miljø og tryggleik.
Vegen vidare er VG2 Fiske og fangst. Etter 2 år på skulen kan du søkje opplæring i bedrift (båt) og ta fagbrev i fiske og fangst. Vegen vidare kan gå til teknisk fagskule, nautisk line (styrmann) eller via VG3 Naturforvalting og høgskuleutdanning.
Gå inn på Sett Sjøbein for å få meir informasjon om marin sektor
Sjå fleire bilete frå Naturbruk