Valtorg og skuleval ved Herøy vgs

Publisert 31. august 2011 10:58:48 av Steinar Eggesbø Hagen
Onsdag 31.august, knappe to veker for kommunevalet, inntok lokalpolitikarane Herøy vgs og møtte elevane ved skulen.

Den tradisjonelle skuledebatten gjekk ut denne gong. I staden vart det valtorg der dei politiske partia rigga seg til med stand inne på skulen.

Lokalpolitikarane møtte elevane på morgonen og det var stor aktivitet og mange samtalar rundt om i klasseroma og korridorane. Politikarane delte ut brosjyrer, partiprogram og meir, medan elevane sjølvsagt kunne stille spørsmål om saker ein ønskjer å vite meir om.

Før lunsj vart sjølve skulevalet halde og elevane gav si stemme.

Når valresultatet ligg føre, legg vi det ut på heimesida.

Sjå fleire foto her

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.