Utplassering for elevane på VK 1 sjøfartsfag

Publisert 27. februar 2006 15:40:21 av Administrator User
Elevane på VK 1 sjøfartsfag reiser denne veka (veke 9) ut på si andre utplassering på båt. Dei skal ha fire veker om bord på forsynings- og stand-by-skip i Nordsjøen.

Elevane var også utplasserte i fire veker sist haust, så dei er kjende med forholda (og sjøverken) frå før.

Elevane ser fram mot denne perioden, då dette både er lærerikt og eit fint avbrot frå kvardagen på skulen. Alle er utplasserte på båtar frå lokale rederi, og samarbeidet mellom skulen og rederia er svært godt.

I tillegg til rederia frå Herøy og Ulstein har også Rovde Shipping kome med i ordninga, noko som er svært positivt.

Herøy VGS er den einaste skulen i landet som har ein så omfattande utplasseringsperiode for elevar på sjøfartsfag.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.