Dette skuleåret skal elevane vere ute i 4 veker. Dei fleste skal om bord i offshorefarty, men fiskebåt og passasjerferje er også nytta. Elevane ser fram til å få kome ut og arbeide med meir praktiske oppgåver på moderne farty. Vi ser på dette som ein svært viktig opplæringsarena, og takkar alle rederi som hjelper oss med dette.