Tur med "Midnattsol"

Publisert 26. mars 2009 13:29:48 av Eivind Lillebø
Elevane i vg2 maritime fag fekk undervisning om bord i hurtigruteskipet "Midnattsol"

 

Fredag 20. mars hadde elevane på maritime fag (matrosfaget) ei litt anna undervisning enn den daglege. Vi tok Hurtigruta M/S»Midnatsol» frå Torvik til Ålesund. På turen fekk vi omvisning om bord og særleg nyttig var det å få omvisning/instruksjon i det som føregjekk på brua.

Kaptein Kjell Jonassen gav oss grundig innføring i det som forgår på brua og også om korleis det er å arbeide på ei hurtigrute. Nokre av oss prøvde også boblebada om bord og vart i den forbindelse intervjua og fotograferte av folk frå eit tysk reisemagasin. Kanskje vi blir kjendisar?

Turen avslutta vi på Peppes i Ålesund med sosialt samvær.

Kjempekjekt.

Sjå fleire bilder her!

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.