Publisert 20. juni 2006 14:58:51 av Administrator User
Dersom båten du skal føre er over 15 meter lang, må du ha fritidsbåtskippersertifikat!
VI GIR DEG TILBOD OM FRITIDSBÅTSKIPPERKURS:
D5L Opplæring av førarar og styrmenn av fritidsbåtar inntil 50 tonn.
D5LA Tilleggsopplæring av førarar og styrmenn av fritidsbåtar inntil 50 tonn med utvida fartsområde.
Herøy vidaregåande skule, maritimt område, gir høgare nautisk utdanning godkjent av Sjøfartsdirektoratet. Skulen sitt ressurssenter gir frå hausten av tilbod om Fritidsbåtskipperopplæring D5L ev. D5LA i samsvar med ny læreplan av 18. oktober 2004 godkjent av Sjøfartsdirektoratet.
- Opplæringa vert hovudsakleg gitt på kveldstid (frå kl. 17) av skulen sine kvalifiserte lærarar innan nautiske fag.
- 120 timar ( D5L) ev. 165 timar ( D5LA) undervisning. Ein tek sikte på 4 t pr kveld/veke, men opplegget er fleksibelt og undervisningsdag og –tid vil bli endeleg avtalt mellom deltakarar og lærarar. Kursttimar kan t.d. delvis leggast til fredag/laurdag på dagtid.
- D5L og D5LA har 120 timar felles undervisning, for D5LA kjem det i tillegg 45 timar og ein ekstra eksamen på 3 timar.
- Kurset omfattar emna navigasjon, navigasjonsmidlar, sjøveisreglar og bruvakthald, skipslære, tryggleik (førstehjelp og redning/brannvern) , teknologi/motorlære. Vi viser til læreplanen for detaljar.
- Skulen har m.a. ein moderne navigasjonssimulator som kursdeltakarane får nytte, noko som gir svært realistiske øvingar i å føre ulike skip.D5L krev totalt 120 timar opplæring og kvalifiserer for Fritidsbåtskippersertifikat m/fartsområde stor kystfart.
- D5LA krev totalt 165 timar opplæring og kvalifiserer for Fritidsbåtskippersertifikat m/fartsområde world wide.
- Krav til fartstid, helsekrav o.a. for å få sertifikatet kan du finne på linkane nedanfor. Der finn du også søknadsskjema til kurset.
- Eksamensdagar kjem i tillegg til undervisningstimane.
Kursprisar 2006-2007:
Kurs D5L: 120 timar:
- Kursavgift: kr. 11.900,-
- Eksamensgebyr pr. emne/prøve: kr.475,-
Kurs D5LA: 120 timar felles med D5L + 45 timar i tillegg = 165 timar:
- Kursavgift:kr. 16.400,-
- Eksamensgebyr pr. emne/prøve: kr. 475.-
For begge kursa: Utgifter til lærebøker og materiell kjem i tillegg med ca. kr. 1000,-
Læreplan med fag- og timefordeling:
Krav om fartstid, helsekrav, etc. til fritidsbåtskippersertifikat:klikk her
Kursstad: Herøy vidaregåande skule, 6090 Fosnavåg
Administrasjon: Arnhild Giske Runde, leiar av ressurssenteret ved Herøy vidaregåande skule, tlf. 700 80 380/700 80 374.
Kursstart: September –06. Dei påmelde får skriftleg melding om startdato/tid.
Påmeldingsfrist: 1. september 2006. Påmeldingsskjema: klikk her
- eller ring og vi sender deg skjemaet pr. post. Send påmeldinga som vanleg post!
KURSET BLIR SETT I GANG DERSOM DET MELDER SEG NOK DELTAKARAR!