Skuleåret er i gang

Publisert 18. august 2011 13:28:18 av Steinar Eggesbø Hagen
Rektor Gullik Kjellstadli ønskte nye og tidlegare elevar velkomne til det nye skuleåret ved Herøy vgs som tok til torsdag 18.august.

Skuleåret 2011 / 2012 har nyss starta for nye og gamle elevar ved Herøy vidaregåande skule, ved avdelingane i både Fosnavåg og Vanylven.

Etter ein svært spesiell og tragisk sommar for mange nordmenn, var det naturleg å starte skuleåret med eitt minutts stillheit, for å heidre minna til alle dei som miste livet under terroråtaket i Oslo og på Utøya i juli.

Rektor Gullik Kjellstadli ønskte velkomen til det nye skuleåret og mange førsteårselevar vil vere spente på eit nytt år, ny skule og nye vener. Kontaktlærarane for alle klassene innan dei ulike utdanningsprogramma tok så over og gav informasjon om skulen og dei første dagane.

Herøy vgs ønskjer alle elevar og tilsette velkomne til eit nytt skuleår!

Sjå bilder

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.