Andreas Berge er ein av elevane som nett har kome tilbake frå utplasseringsperioden om bord i ”Ocean Knarr” frå reiarlaget Rovde Shipping A/S.
Dei fleste elevane har vore utplasserte i lokale reiarlag som, Havila A/S, Bourbon Offshore Norway A/S, Trico Supply A/S, Remøy Shipping A/S, Island Offshore A/S og Rovde Shipping A/S.
Ein har vore utplassert på ringnotsnurparen ”Smaragd” og ein om bordi MS ”Prinsesse Ragnhild”.
Elevane skal i løpet av utplasseringsperioden gå gjennom eit program som dekkjer deler av læreplanen i Vk1 Skipsteknisk drift. Dei skal mellom anna vere med på faste rutinar som oppstart av hjelpemotorar, tavlekøyring, oppstart av fryseri, ballastkøyring, bunkring, dagbokføring og vaktrutinar i maskin m.m.
Skulen har fått svært gode tilbakemeldingar frå dei oppfølgingsansvarlege om bord og skulen set stor pris på det gode samarbeidet som no er etablert mellom skule og reiarl