Årets første elevrådsmøte vart halde ved Herøy vgs denne tysdagen. Det er sjølvsagt viktig at elevane ved skulen vår får vere med på å påverke eigen skulekvardag. Dermed var det naturleg at kvar klasse ved skulen med kvar sin elevrådsrepresentant og varamedlem fekk ta del i skipingsmøtet for elevrådet 2011 & 2012.
Vi vil naturlegvis kome med fleire nyhende rundt elevrådet og elevrådssaker i løpet av hausten.