Praktisk arbeid for TIP-elevar

Publisert 25. august 2011 11:34:27 av Steinar Eggesbø Hagen
Elevane ved Vg1 Teknikk og industriell produksjon (TIP) arbeider den første heile skuleveka med å lage til øvingsklosse i verkstaden.

I produksjonsfaget ved Herøy vgs får elevane høve til å nytte hendene i praktiske verkstadøvingar. Dette er noko elevane set pris på.

Øvingsklossen er eit tidleg praktisk prosjekt i skuleåret, der elevane lærer å sage, bore, gjenge, merke opp, file, samt trening i å lese teikningar. For TIP-elevane er det sjølvsagt ein viktig del å kunne bruke ulike handverktøy.

Produksjonsfaget inneber maskineringsarbeid og sveis, og fleire prosjekt ventar i løpet av skuleåret.

Sjå fleire foto her

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.