Det byrja ikkje så godt, for flyet var 2-3 timar forseinka frå Vigra, men vel oppe i lufta var ventetida gløymt, og ca. kl. halv fire lokal (og norsk) tid, landa vi trygt på flyplassen i Praha. Det bar rett til sightseeing-bussane som stod klare og venta.
Byrundturen vart noko avkorta pga forseinkinga, men vi rakk både Praha-borga med den storslåtte katedralen, ein spasertur på Lillesida og eit første møte med Karlsbrua før turen gjekk vidare til hotell og innsjekking. Undervegs fekk vi god informasjon av ein tsjekkisk guide som snakka bortimot prikkfritt norsk. Grunnlaget hans var det beste: Folkehøgskule i Norge, mange besøk her og hovudfag i norsk språk og litteratur frå universitetet i Praha. Om kvelden var alle samla til ein utsøkt fire-rettars middag på fin restaurant og stemninga var på topp!
Fredag etter frukost stod bussar klare til å frakte oss til skulebesøk på tre ulike vidaregåande skular: Ein med spesialisering i tremøblar og byggteknikk, ein kunsthandverk-skule og eit gymnas. Alle tre gruppene vart godt mottekne og fekk både omvising på skulen, god informasjon og ei generell innføring om skulesystemet i Tsjekkia. Det var høve til å stille spørsmål, som mange nytta seg av. Då vi takka for oss med ei lita gåve, fekk vi jamen gåver igjen!
Det vil føre for langt å fortelje om alt vi opplevde desse 3-4 dagane i Praha, men det må nemnast at vi var på guida omvising i den jødiske bydelen, med besøk både ved den gamle jødiske kyrkjegarden, i to synagoger og på museum. Mange deltok også på jazzcruise med middag på Moldau, der vi lytta til flott musikk av firemannsorkester med sangsolist. Ute på dekk i kveldsmørkret fekk vi ei annleis oppleving av opplyste bruer og bygningar med sine tårn og spir. Laurdag var den store shoppingdagen, og dei fleste kjøpte nok med seg eitt og anna heim frå det store utvalet i butikkar og salsboder. Det var også vanskeleg å passere over Karlsbrua utan å la seg freiste av eitt av dei mange tilboda der!
Det er nok ulike meiningar om kva som var høgdepunkt under besøket, men for skribenten vart i alle fall kyrkjekonserten med m.a. Smetanas "Moldau" eitt av dei. Nokre få var også så heldige å få med seg eit operabesøk, nokre var på Mucha-muséet eller andre kunstgalleri, men tida tillet diverre berre ein liten smakebit av alle kulturtilboda ein har tilgang til i denne byen. Vi må nok tilbake igjen ein gong!