Pensjonistar på skulebesøk

Publisert 01. mars 2007 14:56:32 av Administrator User
Kvifor kjem pensjonistar på besøk til Herøy vidaregåande skule?

På VG1 Helse og sosial har vi eit fag som heiter Prosjekt til fordjuping (6t/v). Her får elevane prøve ut ulike yrke, som dei kan utdanne seg i. Dei er både ute i arbeidslivet, og jobbar med ulike emne inne på skulen. Gjennom året har dei til dømes vore utplasserte i barnehage, skule, ungdomsklubb og sjukeheim. På skulen har dei blant anna arrangert barneselskap. Her ser vi bilete frå ei hyggestund der pensjonistar frå nærmiljøet vart inviterte til skulen. Elevane hadde laga til smørbrød, blautkake og kaffi. Dette var ei gyllen stund der alle generasjonar kosa seg, og praten gjekk ledig om både notid og fortid. Litt leik og underhaldning vart det og tid til.

Dette var ein kjempekjekk skuledag, var elevane sin dom, då dei rusla heim etter oppryddinga.

Av Olaug Myrhol Hatløy

Fleire bilete: klikk her

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.