Ny motor til Skipsteknisk drift

Publisert 05. juni 2007 15:57:48 av Administrator User
Torsdag 12.04.07 var vi klare til å ta i mot den tyngste delen av motoren som skulen har fått frå Ulsteinkonsernet.

Motorblokka, som veg 5-6 tonn, kom med kranbil og vart plassert på eit spesiallaga fundament som elevar og lærarar har laga ved skulen.

Endeleg kan elevane i skipsteknisk drift, eller maritime fag som det heiter frå hausten, få ein moderne motor å arbeide med. Det vil vere svært nyttig for både lærarar og elevar å få nytte denne i undervisninga. Stor takk til Ulsteinkonsernet!!!

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.