MÅLØYTUR

Publisert 29. september 2010 15:46:46 av Eivind Lillebø
Sist torsdag reiste elevane i vg2 kokk- og servitørfag på tur til Måløy vidaregåande skule

Elevar og lærar fekk invitasjon til å vere i lag med tilsvarande klasse ved Måløy vidaregåande skule. Vi leigde oss ei rorbu, som skulle vise seg å vere av luksusvarianten. Kjempeflott, og god plass til 8! På ettermiddag fekk vi besøk av Måløyelevane, dei ville gjerne helse på oss. Det var kjempekjekt!! Trivelege folk!

Ut på kvelden laga vi middag som besto av biff, ovnsbakte grønsaker, gratinerte poteter og peparsaus. Til dessert slo vi til med ostekake. Fantastisk god middag. Tida går fort i hyggeleg lag, og det vart kanskje litt seint før vi sovna. Frukostvakta kom seg ikkje opp tidsnok til å lage frukost, så det måtte "gamlemor" ta seg av.

Fredag starta vi på skulen 0830. Dagens meny var havets skaldyrdelikatesser. Krabbesuppe servert med Petit Pois og krabbebolle, Krabbe naturell, aioli, majones og nylaga loff, Kamskjell i kokos, Moules Gratinert Provencale og Marinert scampi på Amadinepotet. Midtveis i måltidet vart det brannøving og den føregjekk med militær justis. Alle ute i det fri på rekordtid, opptelling og rapportering gjekk prikkfritt. (Vi gler oss til brannøving på eigen skule!) Etter ein frisk luftetur var vi klar for ei søt avslutning på måltidet. Vi kunne nyte sjokolade og pasjonsfrukt bavaroise på sjokoladebotn og nytrekt kaffi.

Vi var også ei runde i fiskehallen på Måløy vidaregåande og fileterte fisk. Etter at kjøkkenøkta var ferdig fekk vi ei hyggelig omvisning på fiskebåten som skulen i Måløy eig og driv. Spennande å ha slike muligheiter. Også for kokke-elevane som får vere med som stuertar på fisketurane.

Sjå bilder her!

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.