I år har elevar frå både Hareid, Ulstein og Stokksund skule vore innom og fått ei lita innføring i kva dei mekaniske disiplinane går ut på.
Det er sjølvsagt avgrensa kva ein kan gå igjennom i løpet av ein dag, men i tillegg til dei reint praktiske kunnskapane, prøver vi så langt det er mogleg å bevisstgjere ungdomane om behovet for matematikk og språk.
Vi har teke utgangspunkt i ei teikning av ein gjenstand med eit konisk parti. Her må elevane mellom anna bruke trigonometri for å kunne berekne innstillingsvinklar på dreiebenken.
Materialkunnskap utgjer ein stadig viktigare del av den mekaniske industrien. Mellom anna ved å herde stålet, får elevane sjå korleis eigenskapane til eit material kan endrast ved oppvarming og avkjøling.