Herøy vgs fornyar seg

Publisert 23. januar 2006 14:37:10 av Administrator User
Lærar Idar Warholm (tv), Erlend Haddal, Andre Moldskred og Svein Inge Hjelmeseth
Herøy vidaregåande skule fornyar seg frå neste skuleår og startar opp første studieår av utdanningsprogrammet Bygg- og anleggsteknikk frå august 2006. - Det er kjekt med byggfag og eg kjem til å søkje på BAT til neste år, fortel Svein Inge Hjelmeseth.

Svein Inge er ein av ni elevar ved Tekniske byggfag ved Herøy vidaregåande skule i år og han ønskjer å satse på tømraryrket i framtida. Han likar å skape ting og dermed vil neste års utdanningsprogram Bygg- og anleggsteknikk (BAT) ved skulen passe godt for han, og fleire med.

Skulen har fått tildelt første studieår (VG1) av det treårige utdanningsprogrammet frå skuleåret 2006/2007. Det yrkesfaglege studiet ved HVS vert dermed sett i gong om ein får 12 eller fleire elevar.

- Byggjenæringa treng rekruttering og her er få lærlingar med lokal tilknyting per i dag. Håpet er at oppstarten av Bygg- og anleggsteknikk vil hjelpe til på rekrutteringa av fleire lokale lærlingar, fortel lærar Idar Warholm ved Herøy vidaregåande skule.

Positiv respons frå lokale bedrifter

Tilsette ved HVS tok i fjor haust initiativet til eit møte omkring det nye utdanningsprogrammet. Lokale byggjeaktørar møtte opp og var positive til at skulen skulle søkje fylkeskommunen om å få tildelt det nye programmet.

Representantar frå Bygg & System AS, Herøy Byggsenter AS og Herøy Snikkarlag AS i Herøy og Roald Bygg AS og Handverksbygg AS i Ulstein har alle vore positive til skule-tiltaket.

- Bygg- og anleggsteknikk vil gi grunnlag for vidare studiar og kompetanse innan betong og mur, tømrarfaget, stillas og ein del av anleggsfaga, for å nemne nokre område. Vi ønskjer også å kunne tilby elevane Byggteknikk frå vidaregåande steg 2, deira andre skuleår. Men Byggteknikk, som då vert andre skuleår innan dette programmet, kan tidlegast starte opp frå skuleåret 2007/2008, opplyser lærar Idar Warholm ved HVS.

Mange handverksfag har eit skrikande behov for fleire fagarbeidarar og for å utvide den lokale kompetansen innan desse næringane.

- Rekrutteringa er det største problemet

Andor Leine er byggjeleiar ved Bygg & System i Herøy, ei bedrift med 18 tilsette. Leine kjenner til dømes svært få lokale murarar og stadfestar at den lokale byggjenæringa på eit generelt plan har ei stor rekrutteringsutfordring i framtida.

Den praktiske byggjekunnskapen kan verte vanskeleg å oppretthalde om ein ikkje tek fatt i utfordringane snarast.

- Det er positivt at Herøy vidaregåande skule tek fatt i problemet med rekrutteringa i byggjenæringa. I år har vi to tømrarlærlingar ved Bygg & System. Generelt er det vanskeleg å halde på lærlingane etter fagprøva. Men får ein først faget inn i skulen her ute, så kan ein kanskje på sikt betre rekrutteringa, meiner Andor Leine.

FAKTA: Omgrepet studieretning forsvinn frå den vidaregåande skulen til neste år. Då vert nemninga utdanningsprogram nytta i staden for, og alle 12 utdanningsprogramma ligg føre i desse dagar.
Frå skuleåret 2006/2007 vert Tekniske byggfag og Byggfag ved HVS slått saman til eit heilt nytt utdanningsprogram som både skulen og lokale byggjeaktørar lenge har ønskt seg.
BAT eller Bygg- og anleggsteknikk er namnet på dette nye utdanningsprogrammet ved Herøy vidaregåande skule.

Mekaniske fag vert omdøypt til Teknikk og industriell produksjon frå komande skuleår, og Hotell- og næringsmiddelfag heiter frå hausten Restaurant- og matfag.

Den vidaregåande norske skulen får totalt 12 utdanningsprogram – 3 studieførebuande og 9 yrkesfaglege.

Her følgjer eit par nyttige adresser på internett om du ønskjer å halde deg oppdatert kring det som skjer i samband med utviklinga i den vidaregåande skulen framover:
http://www.vilbli.no
http://www.kunnskapsloeftet.no/

Sjå fleire bilete:

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.