Heidra for lang og tru teneste

Publisert 20. juni 2007 10:29:22 av Administrator User
På avslutningsfest for personalet 19. juni -07 fekk 6 tilsette gullklokke for minst 25 års fartstid ved Herøy vidaregåande skule.

Leiar i skuleutvalet ved HVS, Svein Gjelseth, delte ut klokker og gode ord til dei seks. Svein Olav Hatlen, Jarle Digernes, Inger Haugen Voldsund og Margrete Kvalsvik arbeider alle ved skulen i Fosnavåg, Knut Warberg og Marit Redse er tilsette ved avdelinga i Vanylven. Alle har arbeidd i den vidaregåande skulen frå 25 og opp til 29 år, og alle held fram i stillingane sine neste skuleår også!

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.