Denne våren gjennomfører vg1-klassene på Helsefag(HS) og Restaurant- og matfag(RM) prosjektet ”Frå fjell til fjøre- naturen som klasserom”. Prosjektet vert gjennomført i samarbeid med Runde miljøsenter. I tillegg til klasseromma er også naturen på Runde ein flott læringsarena for elevane. I veka før påske var dei på Runde, og det var tydeleg at alle sette pris på å få byte klasserom med fjøre og fjell. Ikkje minst var det stimulerande med ei praktisk vinkling av lærestoffet der fagleg ekspertise frå miljøsenteret inspirerte til utforsking av naturen i nærmiljøet. Det faglege innhaldet var av tverrfagleg karakter der mål i læreplanane for både naturfag, kroppsøving, norsk og programfag var i fokus.
Eitt av oppdraga på Runde var sanking av råstoff for RM-klassa som dagen etter laga gode rettar av tang frå fjøra.