Formgjevingselevar driv ungdomsbedrift

Publisert 19. januar 2006 10:57:49 av Administrator User
Brianna, Elise og Karoline frå bedrifta ?Stil og Stæsj? her i full konsentrasjon med produksjon av vakre perlesmykke.
Elevane ved vk1 teikning, form og farge har også i år valt å starte ungdomsbedrift.

Elevane er inndelt i tre grupper som kvar har starta si produksjonsbedrift. Dei har alle utarbeidd sine bedriftsidear. To av bedriftene satsar på produksjon og sal av smykke, medan den tredje har starta produksjon av såpe og lys.

Kva er ungdomsbedrift?

Ungdomsbedrifter er ein pedagogisk metode som gjev ungdom i vidaregåande skule kunnskap om og forståing for bedriftsetablering. Elevane skal gjennom eit skuleår etablere, drive og avvikle ungdomsbedrifta, med støtte frå lærar og eventuelt rådgjevar eller mentor frå næringslivet.

UNGDOMSBEDRIFT ER EIN PEDAGOGISK METODE DER ELEVANE:

- etablerer og driv eiga minibedrift i løpet av eit skuleår
- har eige styre
- skaffar andelskapital
- får bedrifta registrert i enhetsregistret i Brønnøysund
- marknadsfører eller produserer ei vare eller ei teneste
- legg ned ungdomsbedrifta (på slutten av skuleåret)
- lagar ein rapport og eit rekneskap

Sjå fleire bilete fra formgjeving

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.