Herøy vidaregåande skule arrangerer i løpet av skuleåret fagdagar i høve til dei ulike faga som elevane skal i gjennom i løpet av eit skuleår.
Denne torsdagen var det fagdagen i kroppsøving som vart avvikla, der fire fjellturar med ulike utfordringar i eit strålande flott haustver stod på programmet. Rett nok var der ein del vind øvst oppe på fjelltoppane, men dette takla elevane fint.
Som ein del av fagdagen fekk elevane med seg eigne fjellkort (klippekort) for å kunne stadfeste at dei hadde vore på anten 1, 2, 3 eller 4 toppar.
Den første og lettaste etappen gjekk frå Herøy vgs si avdeling i Fosnavåg, opp til Frøystadskaret og vidare mot Svartevatnet. Neste stopp, Varheida gav fleire bratte utfordringar. Sollida var stopp nummer tre og den avsluttande kneika gjekk heile vegen til topps på Leinehornet. Og mange av elevane tok fatt også på denne siste etappen.
Ros til alle elevane som tok del i fagdagen med godt humør.