Med dette sertifikatet har dei rett til å føre fritidsbåtar inntil 50 tonn, og rykta seier at karane skal feire fullført kurs (120 timar) med båttur rundt Runde!
8. juni tok 17 vaksne tverrfagleg eksamen i vk1 Omsorgsfag etter 200 timars teorikurs for praksiskandidatar. Alle arbeider innan helse- og omsorg i Herøy kommune og i nabokommunar.
I desember i fjor tok like mange kandidatar same eksamen, og med god tilrettelegging frå arbeidsgjevar, kan damene få den varierte praksisen dei også må ha for å melde seg opp til praktisk del av fagprøva og få det formelle beviset på sin kompetanse: fagbrevet.
Ressurssenteret har også gjennomført to kortare kurs i vår: Båtførarprøva og VHF/SRC-kurs, det første på 20 timar, og det andre 12 timar. Begge vart avslutta med eksamen i mai, og deltakarane har kanskje alt fått sine sertifikat!
Med nok etterspurnad vil ressurssenteret setje i gang nye kurs til hausten, både maritime og andre, som då vil bli annonserte i avisene i august/september. Vaksenopplæring i helsearbeidarfag kan bli sett i gang dersom det melder seg nok interesserte, anten frå hausten eller frå januar -08. Er du interessert i å delta på kurs, er det berre å ringje skulen eller sende ein mail. Ress.leiar har ferie 2.7.- 10.8.
Arnhild Giske Runde, leiar ressurssenteret. Tlf. 700 80 380. E-post: agrunde@heroy.vgs.no