Nokre av dei kreative faga dei har i sitt andre skuleår er fargelære, skrift, beskrivande geometri og form. I desse faga lærer dei ulike teikne- og måleteknikkar og dei får arbeide med ulike typar måling og materiale. Det kjekkaste faget, i følgje fleire elevar, er form. Der arbeider dei med ulike typar materiale, og lagar produkt som til dømes maske og vesker.
I tillegg har elevane eit valfag der dei skal lage eit valfritt produkt som skal utstillast under UKM. Her går elevane i gjennom prosessen med å gå frå ein idé til å utvikle eit ferdig produkt. Elevane har mellom anna valt å lage kjolar, bok, smykke, bamsar, jakker etc.
Elevane fortel oss at dei valde denne studieretninga fordi dei får lære veldig mykje interessant om fargar, fargesystem, teikneteknikkar og meir. Dei er også glade for å sleppe unna med noko mindre allmenne fag. Elevane synest at linja var litt annleis ein kva dei hadde forventa, men er samde i at dei har gjort eit interessant val. Dei innrømmer også at dei har lært mykje som dei ikkje hadde tenkt på frå før.
Mange av elevane veit ikkje sikkert kva dei vil arbeide med i framtida, men nokre har allereie bestemt seg for å verte interiørdesignar, frisør eller lærar.
Søknadsfristen for å søkje ordinært opptak til den vidaregåande skulen i skuleåret 2007/2008 er 1.mars.