Vi reiste med hurtigruta frå Torvika klokka 10.45. Hurtigruta vi reiste med heitte M/S Polarlys. Vi fekk løyve frå kapteinen om at vi fekk kome opp i styrehuset og sjå korleis dei hadde det der. Dei demonstrerte korleis instrumenta fungerte og om korleis det var å arbeide om bord på hurtigruta.
Då vi kom fram til Ålesund og Farstad Shipping fekk vi ein varm velkomst og vart serverte mat, brus og ikkje minst kaffi. Vi fekk ein grundig presentasjon av rederiet med film, bilde og informasjon om kva som skal til for å få arbeid i rederiet. Vi rettar eit hjarteleg takk til Farstad Shipping og Hurtigruten ASA for denne dagen som var både lærerik og interessant..