Bedriftsbesøk

Publisert 17. november 2010 09:27:17 av Eivind Lillebø
Klasse 2MA2 reiste på bedriftsbesøk til Kleven Verft.

Fredag 5. november var elevene fra maritime fag matrosklassa på ekskursjon på Kleven verft i Ulsteinvik. Vi fekk ei grundig omvisning på verftet og ass. produksjonleiar  Skår  gav seg god tid med  omvisninga og fortalde oss korleis produksjonen av eit forsyningsskip blir gjort alt frå seksjonsbygging via utrustning,sandblåsing/maling og fram til ferdig skip. Vi fekk kome om bord i det siste nybygget som nyleg var levert – ein stor ankerhandterings båt til Siem. Ein utruleg flott båt som vi vart svært imponerte over. Etter at omvisninga var slutt vart vi inviterte til kantina der vi fekk servert pizza og brus. Der vart det anledning til å kome med spørsmål og Skår svarte velvillig på desse. Ei svært overraskande og gledeleg avslutning på ein fin dag.

Takk til Kleven verft for at vi fekk kome – dette var interessant og lærerikt.

Sjå bilder her!

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.