Det nærmar seg eksamen for deltakarane på årets første kurs til båtførarprøven. Dei siste mandagskveldane har dei sett av til å få den nødvendige opplæringa som skal føre fram til godkjent båtførerbevis. Lærar Harald Skarbø kan fortelje om svært motiverte deltakarar. Det meste foregår i klasserom, men dei får også høve til å prøve seg i skulen sin simulator. Dette var noko dei sette pris på. Herøy vidaregåande skule kjem til å starte nye kurs med det første. Det gjeld både båtførerprøven og SRC/VHF. Fleire har allereie meldt seg, men det er plass til fleire.