ASFALTPARTY

Publisert 22. august 2006 19:55:25 av Administrator User
ASFALTPARTY
Torsdag 17. august var det nye skuleåret i gang for alvor, og fredag 18. avslutta vi skuledagen med ”asfaltparty” på skuleplassen.

Det er blitt tradisjon på Herøy VGS å ha eit sosialt arrangement ved skulestart for elevar og tilsette der vi grillar pølser og hamburgarar, steiker vafler, pratar og blir kjende.

Dei sprekaste spelar volleyball eller finn på andre fysiske aktivitetar. Då er vi avhengige av brukbart utever, og vi var heldige i år også. Sola skein frå ein nesten skyfri himmel, temperaturen var god og alle var blide. Køen framfor matstasjonane var til tider kompakt, men det var ingen sure miner å sjå. Køkulturen var rett og slett imponerande, og viss denne er eit teikn på gode haldningar, lovar det svært bra for skuleåret 2006-2007!

Partykomitéen og hjelparane deira gjorde ein strålande jobb med alt frå innkjøp til grilling, vaffelsteiking og servering, - til og med fengande musikk hadde dei sørga for, - så dei fortener stor ros og takk for innsatsen! Lærarar kan meir enn faget sitt!

Gå inn på albumet vårt og sjå fleire bilete!

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.