Når du tek til på Herøy vidaregåande skule kjem du til ein triveleg skule der alle legg vekt på å utvikle skulen på beste måte både for den enkelte og lokalsamfunnet.

Skulen vil stadig utvikle det gode samarbeidet med næringslivet i området, og såleis sikre ulike bedrifter rekruttering av vel kvalifisert arbeidskraft.

Skulen er sentralt plassert i nærleiken av Herøy kyrkje i Herøy kommune. I same området ligg det barnehagar, grunnskule, kulturhus med symjehall og idrettshall og eit godt utbygd idrettsanlegg med løpebane, grasbane, kunstgrasbane, ballbinge m.m.

Skulen vil komande skuleår, saman med avdelinga i Vanylven, ha om lag 330 elevar og 90 tilsette i ymse stillingar.

Frå hausten 2011 har vi desse undervisningstilboda:


Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.