Matfestival -09

Publisert 16. september 2009 15:24:22 av Eivind Lillebø
Elevane i vg2 restaurant- og matfag har også i år delteke på matfestivalen i Ålesund.

Matfestival i Ålesund 26 – 29 september 2009.

VG2 kokk og servitørfag starta skuleåret med hard jobbing på Matfestivalen i Ålesund. 4 dagar til ende var elevane engasjerte på standen til Njardar, røykerbedrifta frå Herøy. Der jobba vi med å lage til smaksprøver av røykt sild, makrell og laks. I tillegg produserte vi ulike lunsjrettar for salg. Her kan nemnast matjesild m/løk, grilla laks og grilla klippfisk med knasande sprøtt fylje. Litt klingande mynt i klassekassa vart det også!

Nokre fekk prøve ut språkkunnskapane sine då der også dukka opp turistar frå heile verda og lurte på kven vi var og kva vi styrte med. Trass i lange dagar og mykje jobb var det kjekt å vere med på matfestival. Innimellom kunne vi springe over til konkuranseteltet og sjå på kokkar, butikksaltarar og andre dyktige fagfolk som imponere med sine kreasjonar og kunnskapar.

Bilder!

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.