På Søre Sunnmøre (kommunane Ørsta, Volda, Vanylven, Sande, Ulstein, Hareid og Herøy) er det skulane i Ulstein og Herøy som er pålagde denne oppgåva.
Dersom du ynskjer å ta eksamen som privatist eller praksiskandidat må du melde deg opp via Privatistweb.no , til ein av eksamenskulane. Merk at denne weben berre er open for registrering i tidsromet 1. til 15. september for hausteksamen og 1. til 15 januar for våreksamen. NB! Det er viktig at du held desse fristane. Etter at weben er stengd den 15. vil det vere uråd å melde seg opp og du må vente til neste oppmeldingsperiode.
Dersom du ynskjer å melde deg opp til eksamen ved Herøy vidaregåande skule og har vanskar med weben, må du kontakte skulen på telefon 70080380 så skal vi hjelpe så godt vi kan.
Er du usikker på kva som blir kravd til eksamen og korleis oppgåvene er laga, kan du klikke på lenkene under der du vil finne læreplanar, tidligare sentralt gjevne eksamensoppgåver, NDLA og boklister for VG2 klassene her ved skulen. Ta kontakt om det er noko du er usikker på!
Nyttige linkar:
Læreplanar: http://www.utdanningsdirektoratet.no/templates/udir/TM_Tema.aspx?id=148
Oppgåver:http://www.utdanningsdirektoratet.no/templates/udir/TM_Tema.aspx?id=242
Nettstad:http://www.ndla.no/