Right menu

mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    
banner

/ Forsiden / Utdanningsprogram / VG1 Restaurant- og matfag

VG1 Restaurant- og matfag

VG1 Restaurant- og matfag

UTDANNINGSPROGRAM FOR VG1 RESTAURANT- OG MATFAG

Dette er utdanningsprogrammet for deg dersom du:

  • Likar å arbeide med mat og drikke
  • Synest at ein kombinasjon av praktisk og teoretisk arbeid er bra
  • Har god fysisk helse
  • Er kreativ
  • Har evne til å stå på og ta i eit ekstra tak
  • Likar å arbeide tett i lag med andre
  • Ser positivt på utfordringar

Utdanningsprogrammet fører fram til yrke innan mellom anna hotell- og restaurantnæringa og næringsmiddelindustrien, men også til arbeid i bedrifter som produserer kjøtt-, fiske-, drikke-, bake- og andre matvarer. Du får også lære om eigne og andre kulturar sine mattradisjonar, og om næringsmidlar, kosthald og helsefremmande livsstil.

VG1 har desse fagområda

  • Bransje, fag og miljø
  • Kosthald og livsstil
  • Råstoff og produksjon
  • Prosjekt til fordjuping
  • Felles faga: engelsk, norsk, matematikk, naturfag og kroppsøving.

Etter fullført VG1 kan du velje desse tilboda ved Herøy vidaregåande skule:

VG2 kokk- og servitørfag

Etter VG2 har du to års læretid før du kan ta fagbrev. Du kan og velje allmenn påbygging etter VG2 slik at du oppnår studiekompetanse.

Sjå bilete frå Restaurant- og matfag