Right menu

september 2010
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30    
banner

/ Forsiden / Studietilbod / VG1 Restaurant- og matfag

VG1 Restaurant- og matfag

HN

UTDANNINGSPROGRAM FOR VG1 RESTAURANT- OG MATFAG

Dette er utdanningsprogrammet for deg dersom du:

  • Likar å arbeide med mat og drikke
  • Synest at ein kombinasjon av praktisk og teoretisk arbeid er bra
  • Har god fysisk helse
  • Er kreativ
  • Har evne til å stå på og ta i eit ekstra tak
  • Likar å arbeide tett i lag med andre
  • Ser positivt på utfordringar

Utdanningsprogrammet fører fram til yrke innan mellom anna hotell- og restaurantnæringa og næringsmiddelindustrien, men også til arbeid i bedrifter som produserer kjøtt-, fiske-, drikke-, bake- og andre matvarer. Du får også lære om eigne og andre kulturar sine mattradisjonar, og om næringsmidlar, kosthald og helsefremmande livsstil.

VG1 har desse fagområda

  • Bransje, fag og miljø
  • Kosthald og livsstil
  • Råstoff og produksjon
  • Prosjekt til fordjuping
  • Felles faga: engelsk, norsk, matematikk, naturfag

Etter fullført VG1 kan du velje desse tilboda ved Herøy vidaregåande skule:

VG2: Restaurantfag

VG2: Matfag (Her vél du retning innan bakar/konditor/kjøt/fisk/industriell næringsmiddelproduksjon.)

Etter VG2 har du to års læretid før du kan ta fagbrev. Du kan og velje allmenn påbygging etter VG2 slik at du oppnår studiekompetanse.

Sjå bilete frå Restaurant- og matfag