Right menu

september 2010
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30    
banner

/ Forsiden / Studietilbod / VG1 Bygg- og anleggsteknikk

VG1 Bygg- og anleggsteknikk

Ved å velje Bygg- og anleggsteknikk kan du få arbeid innanfor fagområda tømrar, murar, betong, fjellarbeid, anlegg, anleggsmaskinførar, rørleggjar, blikkenslagar, taktekkjar, limtre, målar, industrimålar, reinhaldsoperatør, stillasbyggjar, isolatør, og trevaresnikkar.

Det er ein fordel innanfor dei fleste yrka å ha interesse for å skape noko med hendene sine. Du må vere glad i praktisk arbeid. Du må vere i brukbar fysisk form. Du må like å samarbeide med andre.

I dette utdanningsprogrammet vil du lære korleis hus vert sette opp, frå grunnmur til tak. Du vil få grunnleggjande innføring i produksjon, teikning og bransjelære. Som fagarbeidar innan bygg og anlegg vil du kome i kontakt med mange forskjellige fagområde. Derfor får du innsyn i samanhengen mellom faga, og dei krav som gjeld for bygge- og anleggsarbeid.

Elevane jobbar med praktiske oppgåver der dei må samarbeide for å verte ferdige med produktet. Produkta kan vere alt frå små leikestover til garasjar, sjøhus og tilbygg på bustader.

I samband med dei nye utdanningsprogramma kan du frå hausten 2006 velje modular eller fordjuping ut i frå eiga interesse. Dette kan vere fag i frå Vg2 eller bestemte arbeidsoperasjonar ute i bedrift.

Det kan vere greitt å vite at du kan fordjupe deg i fellesfag som til dømes matematikk for å kunne studere ved høgskule eller universitet. Slik situasjonen er no, er det stor mangel både på fagarbeidarar og ingeniørar, og når bedriftene helst vil ha ingeniørar med yrkesfagleg bakgrunn, skulle alle finne ei passande retning innanfor Bygg- og anleggsteknikk.

Dersom du ønskjer å verte betre kjend med oss, er du hjarteleg velkommen til å hospitere ved vår avdeling. Ta kontakt med områdeleiar Gullik Kjellstadli eller rådgjevar på skulen din for nærare avtale.

Husk at du gjer eit val for di eiga framtid.

Lykke til!

Sjå fleire bilete frå Bygg- og anleggsteknikk:

Garasjeanlegg!

Sommarpaviljong!

Sosialtsamvær, tur til Flatøya.