Right menu

mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    

Informasjon

Herøy vidaregåande skule
Lisjebøvegen 4
6091 FOSNAVÅG

Telefon: 70080380
Fax: 70080381
banner

/ Forsiden / Siste nytt / Vellykka tur til Trondheim for HS-elevar

Vellykka tur til Trondheim for HS-elevar

Mandag 04.04.2011 reiste 13 elevar og 2 lærarar på studietur til Trondheim

Dag 1:

Tidleg mandag 4. april kl.04.30 reiste 13 elevar og to lærarar frå Herøy vgs på studietur til Trondheim. Det var innleigd buss med ein av foreldra som sjåfør, Rune Fjørtoft. Stemninga i bussen var upåklageleg frå første minutt!

Første stopp på reisa var Møller- Trøndelag kompetansesenter på Heimdal. Vi var framme ved 12 tida og vart godt tekne imot av Anne-Karin Abkhar som har jobba ved senteret i vel 30 år. Her fekk vi ei innføring i kva dei jobba med i det daglege og litt om historia bak danninga av senteret. Kompetansesenteret er eit spesialpedagogisk senter lokalisert i Heimdal og Levanger med fagområder som hørsel-, språk-, tale- og kommunikasjonsvansker. Senteret har også ansvar for utvikling av læremidlar for elevar med hørselsvanskar og for Norsk tegnordbok.

Kompetansesenteret på Heimdal har eigen skule og barnehage på samme område. Der var også egne boligar for elevar som kom frå andre fylke. Tiboda ved senteret dekker fylka Møre og Romsdal, Sør- og Nord-Trøndelag, Nordland, Troms, Finnmark.

Elevane hadde forberedt spørsmål som dei fekk svar på, noko som var lærerikt for alle. Vi fikk også lære nokre teikn, og teiknet for pause og facebook er vel det elevane hugsar best. Vi fikk ei kort innføring i teiknordbok på nettet www.erher.no og www.minetegn.no/tegnordbok/ der ein raskt kan finne ord og utrykk på teiknspråk.

Etter ca. 3 timar ved senteret reiste vi inn til Trondheim der vi sjekka inn på Hotell Grand Olav som ligg sentralt i sentrum av byen.

På kvelden reiste vi opp til Tyholttårnet. Her har restaurant Egon eit lokale som er ganske unikt. Restauranten ligg 74 meter over bakken og gulvet roterer slik at

ein kan sjå heile Trondheim i løpet av ein time.

Dag 2:

Tirsdag hadde vi avtale ved St.Olavs Hospital kl.09.00. Her vart vi tatt imot av studentkoordinator Vigdis Nesgård. Ho orienterte oss om verdigrunnlaget til sjukehuset, litt om dei ulike faggruppene og om krava dei har til dei tilsette og til dei som søker læreplass ved sjukehuset. Ho opplyste om at St.Olav treng fleire kvalifiserte søkjarar til lærlingeplassar.

Vigdis Nesgår presenterer krava St.Olav har til sine lærlingar.

Ho fortalte også om korleis sjukehuset er organisert i ulike fagområder knytt til ulike bygningar. Alle bygga var knytt saman av glassbruer. St.Olav er fortsatt under bygging og det endelege sjukehuset vil dekke eit stort område på Øya nær sentrum. Etter informasjonen tok ho oss med på ei omvisning i nokre av bygga. Vi avslutta besøket i ei av dei mange kantinene ved sjukehuset.

Etter besøket på St.Olav spaserte vi opp til Gløshaugen der dei aldste bygga av NTNU ligg. Elevane meinte desse var som henta ut av ein Harry Potter film.

Kl.13.00 Hadde vi avtale om omvisning ved Studentersamfunnet. Samfundet er Trondheims største kulturinstitusjon for studentar og drives på frivillig basis. Samfundet har over 8 000 medlemmar og meir enn 1 200 studentar arbeidar her frivillig i ulike stillingar. Her arrangerast det festar, konsertar og andre ulike kulturelle arrangement.

Det kjente runde bygget Cassa Rossa vart bygd i 1929 og ligg ved innkjøringa til Elgseter bru. Vi fikk også innblikk i UKA arrangementet som arrangerast kvart 2. år.

Etter denne omvisninga fikk elevane disponere som dei ville. Dei fleste benytta anledninga til å shoppe rundt i sentrum av byen. På kvelden samlast vi til god kveldsmat ved hotellet.

Dag 3:

Kl. 09.30, besøk ved Nidar sjokoladefabrikk. Dette vart nok høgdepunktet for mange. Her var det strenge hygieniske retningslinjer som måtte følgast.

Etter ein kort introduksjon om fabrikken og historia, kledde vi oss om før vi gjekk inn i fabrikklokala. Her vanka det smakebitar så mykje ein berre orka å ete. Vi fekk sjå produksjonslokala og vart forklart korleis ein del av maskinene fungerte og korleis personalet jobba. Det var lagt vekt på variasjon i arbeidet for å forebyggje slitasjelidingar. Dei hadde fysioterapeut som kom ein gong pr. veke for å hjelpe til med dei ulike ergonomiske utfordringane. Etter omvisinga fikk vi handle billige varer i ein butikk knytt til fabrikken. Etter besøket på Nidar reiste vi heimover. Turen gjekk knirkefritt og vi var tilbake ved skulen ca. kl. 19.45.

Klikk her for større bilder!

Turen var finanisiert gjennom dugnadsarbeid av elevane.