/ Forsiden / Siste nytt / Utsmykking
Etter meir enn tretti år med tilbod innan formgjeving ved HVS er det no snart slutt. Frå hausten 2009 finst ikkje dette tilbodet ved vår skule. Dette er trist for både skulen og for framtidige elevar som heretter må ut av distriktet for å gå formgjeving.
På tampen av skuleåret har elevane i 2STF og 3STF valt utsmykking av skulebygget som tema for arbeidet sitt. På bileta ser vi elevane i aksjon. Det er inngangspartiet på sørsida av hovudbygget som har fått denne utsmykkinga. Denne dekorasjonen vil nok bli ståande i mange år og minne om det rike, kreative og fargerike miljøet som var, og som forsvann med elevane då lina vart lagt ned.
Onsdag 10.06.09 hadde skulen ei markering der utsmykkinga vart avduka. Sjå bilder frå markeringa her!
Sjå fleire bilder her!