Right menu

mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    

Informasjon

Herøy vidaregåande skule
Lisjebøvegen 4
6091 FOSNAVÅG

Telefon: 70080380
Fax: 70080381
banner

/ Forsiden / Siste nytt / Utplassering sjøfartselevar

Utplassering sjøfartselevar

I veke 10 til 14 var elevane på VK1 Sjøfartsfag på utplassering i Nordsjøen ombord i båtar frå dei lokale rederia Bourbon, Island, Rem og Havila.

Rapport:

I veke 10 til 14 var elevane på VK1 Sjøfartsfag på utplassering i Nordsjøen ombord i båtar frå dei lokale rederia Bourbon, Island, Rem og Havila.

Dette var andre turen dette året for sjøfartselevane. Erfaringar frå forrige tur kom godt med denne gong. 2 av elevane var heldige og fekk kome på 2 supplybåtar som hadde base i Greath Yarmouth, England og Aberdeen, Skottland. Resten var på ankerhandlarar som gjekk ut ifrå Mongstad og medan dei som var på beredskapsfartøya låg stand-by på Troll- og Osebergfelta. Denne turen var nok enda kjekkare for dei fleste, sjølv om sjøsjuka ikkje hadde lagt seg i ro for nokre få av dei som sleit med det første turen. I løpet av turen var det ein del arbeidsoppgåver som elevane måtte gå igjennom og få kvittert med offiserane, blant anna å få manøvrere skipet og få bli med på generelle oppgåver på dekk. Alle saman som var ute hadde det veldig artig, og tilbakemeldingane på elevane frå kapteinane og mannskapa var veldig gode. Herøy vidaregåande har skaffa seg eit godt rykte på at sjøfartselevane er dyktige, og dei er godt ettertrakta i dei lokale rederia her ute, nettopp pga at elevane har fått blitt med båtane ute og fått såpass erfaring at rederia er villige til å satse på dei. Samtlege har fått seg lærekontrakt til sommaren.

Ole Martin Johnsen Alf Krister Vaksdal

Fleire bilete her