/ Forsiden / Siste nytt / Utplassering av Vk1 Sjøfartsfag hausten 2006
For dei fleste var dette deira første tur til sjøs, så dei fekk oppleve både sjøverk og anna. Nokre var til og med utanriks, t.d. I Aberdeen, Skottland.
Elevane såg fram mot denne perioden, då dette både er lærerikt og eit fint avbrot frå kvardagen på skulen. Alt det teoretiske dei hadde fått lært, fekk dei då prøve i praksis.
Alle var utplasserte på båtar frå lokale rederi, blant andre Rem Maritime, Bourbon Offshore og Havila. Dei fleste fekk også prøvd seg ombord i særs nye båtar, blant anna på den verdskjende X-bowen, Bourbon Orca. Alle var godt fornøgde etter utplasseringa og alle saman var einige om at dei har valt rett yrkesretning.
Herøy vidaregåande skule er den einaste skulen i landet som har ein så omfattande utplasseringsperiode for elevar på sjøfartsfag. I løpet av skuleåret er dei ute til saman 2 månader, fordelt på 2 periodar, ein om hausten og ein om våren.Dette er noko elevane ser fram til kvar gong, fordi dei får oppleve og bruke teorien dei har lært, i praksis.
Næringa treng mange sjøfolk dei neste åra framover, så framtida er lys og sikra for dei som vel denne utdanninga.
VER SMART, VÉL SJØFART!
Helsing fornøgde elevar på Sjøfartsfag,
Ole Martin og Neil Ryan
Fleire bilete: klikk her