Right menu

mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    

Informasjon

Herøy vidaregåande skule
Lisjebøvegen 4
6091 FOSNAVÅG

Telefon: 70080380
Fax: 70080381
banner

/ Forsiden / Siste nytt / Skulestart og asfaltparty

Skulestart og asfaltparty

Det blei asfaltparty med pølser, hamburgarar, kaker og brus ved skulestart i år også!

Onsdag 22. august nytta vi opphaldsveret og ein framleis brukande temperatur til utandørs aktivitetar, populært kalla "asfaltparty". Nokre av lærarane hadde førebudd kalaset, m.a. ved å bake gode formkaker og førebu uteserveringa, og atter andre stod i sitt "ansikts sved" og grilla. Mange lærarar stod bak "disken" og delte ut godsakene, og køa var til tider lang. Men alt var gratis for elevane!

Elevar og tilsette fekk godt høve til å bli betre kjende med kvarandre, og slik leggje grunnlaget for eit godt skulemiljø. Dette er eit viktig formål med tiltaket, som no er i ferd med å bli tradisjon.

Sjå fleire bilete her