Right menu

februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      

Informasjon

Herøy vidaregåande skule
6090 FOSNAVÅG

Telefon: 70080380
Fax: 70080381
banner

/ Forsiden / Siste nytt / SKULEN SIN BESTE STAND UNDER OPEN SKULE 2007

SKULEN SIN BESTE STAND UNDER OPEN SKULE 2007

6. og 7. desember arrangerte vi OPEN SKULE for alle 10. klassingar på ytre søre Sunnmøre.

Nærare 400 elevar var då på besøk og fekk omvising på alle avdelingar ved skulen. Vi har i år seks utdanningsprogram som alle hadde sine stasjonar med orientering om det aktuelle utdanningstilbodet. I løpet av omvisinga fekk dei besøkande høve til å stemme på det dei syntest var skulen sin beste stand. Saman med ein fagjury var dei besøkande difor med på å plukke ut den stasjonen som på beste måte hadde lukkast med å presentere sitt fagområde. Både fagjuryen og elevane som stemte var samde om at standen til helse og sosialfag i år var skulen sin beste stand.

Vi gratulerer våre elevar som på ein framifrå måte var med på å sette fokus på eit så interessant og viktig fagområde. Og ikkje minst gratulerer vi lærarane som stod bak, og som hadde lagt til rette for orienteringa.

Her er nokre bilete frå standen til helse og sosialfag frå OPEN SKULE 2007