Right menu

mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    

Informasjon

Herøy vidaregåande skule
Lisjebøvegen 4
6091 FOSNAVÅG

Telefon: 70080380
Fax: 70080381
banner

/ Forsiden / Siste nytt / Skipsteknisk drift tilbake frå utplassering.

Skipsteknisk drift tilbake frå utplassering.

Andreas Berge
Elevar frå vk1 Skipsteknisk drift er tilbake etter ein månads utplassering om bord på offshorefartøy. Herøy vidaregåande skule er ein av få vidaregåande skular som kan tilby ein månads utplassering om bord i offshorefartøy eller fiskefartøy.

Andreas Berge er ein av elevane som nett har kome tilbake frå utplasseringsperioden om bord i ”Ocean Knarr” frå reiarlaget Rovde Shipping A/S.

Dei fleste elevane har vore utplasserte i lokale reiarlag som, Havila A/S, Bourbon Offshore Norway A/S, Trico Supply A/S, Remøy Shipping A/S, Island Offshore A/S og Rovde Shipping A/S.

Ein har vore utplassert på ringnotsnurparen ”Smaragd” og ein om bordi MS ”Prinsesse Ragnhild”.

Elevane skal i løpet av utplasseringsperioden gå gjennom eit program som dekkjer deler av læreplanen i Vk1 Skipsteknisk drift. Dei skal mellom anna vere med på faste rutinar som oppstart av hjelpemotorar, tavlekøyring, oppstart av fryseri, ballastkøyring, bunkring, dagbokføring og vaktrutinar i maskin m.m.

Skulen har fått svært gode tilbakemeldingar frå dei oppfølgingsansvarlege om bord og skulen set stor pris på det gode samarbeidet som no er etablert mellom skule og reiarl