/ Forsiden / Siste nytt / SENIORPARTY VED HERØY VIDAREGÅANDE SKULE
Tirsdag 16.2. inviterte halvparten av elevane på VG 1 Helse og sosialfag inn til seniorparty i beste skuletid. Omlag 20 besteforeldre hadde funne vegen til skulen. Elevane hadde på førehand pynta klasseromet og laga litt program. På menyen sto lapskaus, kaffi og kaker, alt på heimelaga vis. Både elevar, gjester og lærarar hadde ei stjernestund, der møtet mellom generasjonane ga gode minner for alle parter.
Denne festen inngår i faget prosjekt til fordjuping, der elevane får snuse på ulike utdanningsvegar helse og sosialfag er plattforma til. Akkurat no er dei inne i perioden om eldre, der dei både lærer om temaet på skulen og er utplasserte i arbeidslivet. På same viset vert det arbeidd med barn, ungdom og funksjonshemma. Gjennom dette faget står elevane noko betre rusta til å velge rett utdanning. I følge elevane er dette eit kjekt fag, der det praktiske vert vektlagt.