Right menu

februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      

Informasjon

Herøy vidaregåande skule
6090 FOSNAVÅG

Telefon: 70080380
Fax: 70080381
banner

/ Forsiden / Siste nytt / Ressurssenteret: 16 personar tok båtførarprøva

Ressurssenteret: 16 personar tok båtførarprøva

Måndag 29. oktober var det eksamenstid for 16 nye kandidatar. Dei hadde 5 kurskveldar over to og ei halv veke bak seg, og i tillegg ei bok å studere heime.

Det er ressurssenteret ved skulen som arrangerer kursa til Båtførarprøva, med to av skulens røynde lærarar frå Maritim avdeling som pedagogar: Bodvar Skrede og Olav Sævik. Desse må ha gjort jobben bra, for det ryktest at alle kandidatane greidde prøva, og no berre kan vente på å få tilsendt sertifikatet som viser at dei har dei kunnskapane som trengst for å vere ein trygg båtførar.

Dette er det andre kurset som Ressurssenteret har arrangert i år, og til våren vil det bli starta opp nytt båtførarkurs så sant det melder seg nok deltakarar. Skulen har ingen stønad utanfrå for å halde desse kursa, og derfor treng vi eit minimum på 10-12 deltakarar for å dekkje utgifter til undervisning og administrasjon.

Skulle nokon av lesarane vere interessert i å delta på neste kurs, er det berre å melde seg til skulen ved underteikna, så vil namnet bli notert og du vil få melding om kurset i god tid. Påmeldinga vil ikkje vere bindande før etter nærare avtale.

Arnhild Giske Runde, leiar Ressurssenteret agrunde@heroy.vgs.no tlf. 700 80 380 - 700 80 374