Right menu

mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    

Informasjon

Herøy vidaregåande skule
Lisjebøvegen 4
6091 FOSNAVÅG

Telefon: 70080380
Fax: 70080381
banner

/ Forsiden / Siste nytt / Rehabilitering av Mek-bygget

Rehabilitering av Mek-bygget

Det er i ferd med å skje saker i det gamle Mek-bygget ved Herøy vidaregåande skule der elevane ved Teknikk- og industriell produksjon (TIP) og Bygg- og anleggsteknikk (BAT) held til.

Det er i ferd med å skje saker i det gamle Mek-bygget ved Herøy vidaregåande skule der elevane ved Teknikk- og industriell produksjon (TIP) og Bygg- og anleggsteknikk (BAT) held til.

Skulen har endeleg fått tildelt midlar til rehabilitering av bygget, som er kostnadsrekna til 15 millionar kroner. Skulen har lenge ønskt å rehabilitere bygget, men har ikkje hatt høve til å gjere dette tidlegare fordi bygget har vore fullt av asbest, eit helseskadeleg og farleg stoff. På taket held Kristiseter på å bygge eit nytt ventilasjonsanlegg, noko som bygget ikkje har hatt før.

Elevane får i neste skuleår eit tryggare areal å arbeide på, med tre nye verkstader i første etasje. I andre etasje byggjer ein klasserom, arbeidsrom, arbeidsplassar til lærarane, rom for elevbedrifter, nye garderobar og meir. Skulen har søkt fylket om midlar til nye maskiner for å byte ut dei eldste elementa i maskinparken, og denne søknaden ventar ein svar på.

I tillegg til endringane inne i bygget, skal det setjast opp ein bygningshall på 20 x 10 meter som byggfagelevane skal bruke.

Elevar og tilsette ved Herøy vgs håper at bygget blir ferdig til skulestart i august 2007, men Kristiseter trur ikkje at dei klarer det før til haustferien, noko som då skulle bli oktober 2007.

Av Lene Kvalsvik, Camilla Fylling og Ingeborg Bigset

Sjå fleire bilete her