Right menu

februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      

Informasjon

Herøy vidaregåande skule
6090 FOSNAVÅG

Telefon: 70080380
Fax: 70080381
banner

/ Forsiden / Siste nytt / Praktiske dagar ved skulen

Praktiske dagar ved skulen

Ungdomskuleelevar frå tiande klasse får teste seg i mange ulike praktiske oppgåver ved HVS i løpet av to hospiteringsveker i november.

Tiandeklassingar frå Herøy, Sande, Vanylven, Hareid og Ulstein er i vekene 45 og 46 på hospitering ved Herøy vidaregåande skule.

I denne perioden skal ungdommane få prøve ut praktisk arbeid og teoretiske oppgåver innan helse- og sosialfag, restaurant- og matfag, naturbruk, bygg- og anleggsteknikk, teknikk og industriell produksjon og maritime fag.

Mykje av tanken bak hospiteringsordninga er at ungdomskuleelevane som er inne i sitt siste år i grunnskulen skal få teste ut nokre av kunnskapane sine ved HVS, sjølvsagt med tanke på at mange ungdommar til våren 2012 skal velje eit vidaregåande utdanningsprogram utifrå evner og interesse.

HVS sine noverande elevar tek i løpet av desse to vekene i mot ungdomskulegjengen og viser dei korleis kvardagen ved skulen vår er. Tilbakemeldingane frå elevane sjølve på hospiteringsordninga er jamt over veldig positiv.

Sjå foto her