/ Forsiden / Siste nytt / Praktisk arbeid for TIP-elevar
I produksjonsfaget ved Herøy vgs får elevane høve til å nytte hendene i praktiske verkstadøvingar. Dette er noko elevane set pris på.
Øvingsklossen er eit tidleg praktisk prosjekt i skuleåret, der elevane lærer å sage, bore, gjenge, merke opp, file, samt trening i å lese teikningar. For TIP-elevane er det sjølvsagt ein viktig del å kunne bruke ulike handverktøy.
Produksjonsfaget inneber maskineringsarbeid og sveis, og fleire prosjekt ventar i løpet av skuleåret.