Right menu

mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    

Informasjon

Herøy vidaregåande skule
Lisjebøvegen 4
6091 FOSNAVÅG

Telefon: 70080380
Fax: 70080381
banner

/ Forsiden / Siste nytt / Praksisveke

Praksisveke

I veke 36 var elevane i vg2 fiske og fangst ute med "Sarato".

Klassen var godt budd med liner og teiner for å prøve lykka ute på sjøen. Skulen leigde inn "Sarato" denne veka og veret var heilt fantastisk. Elevar og lærarar hadde lærerike turar utanfor Fosnavåg.

Elevane gjorde seg først godt kjent med båten. Sikkerheit må alltid ha første prioritet. Dei fekk ein gjennomgang av nødutgangar, plassering av redningsdrakter, brannsløkkingsutstyr, og korleis flåten skal løysast ut og nyttast i eit nødstilfelle. Vi repeterte teorien om radar, ekkolodd, autopilot, dekksarrangement, trosser og anna skipsterminologi. Vidare klargjorde elevane krabbeteiner, og tok om bord eiga line som dei hadde "egna" nokre dagar tidlegare.

Veret viste seg frå si beste side, flatt hav og opp mot 20 grader celsius. Godt fiske resulterte i at elevane fekk prøve seg på å filetere fisken. Seinare vart det vidareforedling til: fiskekaker, lettsalta lange og førebuing til røyking av ein del fisk. Krabbane vi fekk i teinene vart kokte. Det viste seg at det er litt tidleg i sesongen. Det var lite mat i krabbane, mest var det i klørne. På skulen nytta vi undervisningskjøkkenet og laga fiskekaker. Både rektor og andre tilsette som fekk smake produkta var einige om at dette var nydelig mat.

Elevane viste stor interesse og hadde nokre innhaldsrike og lærerike dagar om bord i "Sarato".

Sjå bilder her!