/ Forsiden / Siste nytt / PC-stipend til alle på Vg1
Tilgangen til digitale læremiddel må du betale for, men til saman skal kostnadene til lærebøker og digitale læremiddel ikkje bli høgare enn før.
PC-stipendet frå fylket på kr 5000 vert difor samordna med kostnadene til bruken av digitale læremiddel. Storleiken vil bli fastsett etter skolestart. Dei førebelse stipendsatsane er:
Kr 3.200 for studiespesialiserande utdanningsprogram
Kr 3.900 for dei yrkesfaglege utdanningsprogramma.
Denne utbetalinga får du uansett om du kjøper ny PC eller bruker ein du har frå før. Stipendet blir utbetalt i slutten av september.
Fylket har fastsett minstekrav til PC-ar som skal brukast i skolens trådlause nett:
Her finn du meir info om stipendordninga
Her finn du brosjyre på PC-råd til elevar som skal ta til på vidaregåande