Right menu

februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      

Informasjon

Herøy vidaregåande skule
6090 FOSNAVÅG

Telefon: 70080380
Fax: 70080381
banner

/ Forsiden / Siste nytt / OPEN SKULE!!

OPEN SKULE!!

Herøy vidaregåande skule presenterer tilboda sine under open skule 25. og 26. november 2008.

Vi vil også dette skuleåret presentere tilboda ved Herøy vidaregåande skule til 10. klassingane i distriktet vårt. Etter ynskje frå ungdomsskulane, vert open skule arrangert samstundes med Yrkesmessa. Transporten er no samordna med Yrkesmessa, og transportplanen ligg ute på www.yrkesmesse.no .

Over ser vi eit bilete frå open skule i fjor. Elevar frå vg2 maritime fag viser fram navigasjonssimulatoren.

Elevane vil på denne måten få ein halv dag til Yrkesmessa og ein halv dag til open skule. Som gjest på open skule vil du oppleve at elevane våre er godt budde. 10.klassingane vil bli godt mottekne, og vil få omvisning og presentasjon av dei mange tilboda ved skulen vår.

 

Vi har sett opp ein plan for dagane. Her finn de tidspunkt den enkelte skulen har fått tildelt for besøket. Det går fram kor mange grupper de må dele inn elevane i. Kvar gruppe vil få tildelt elevguidar. Hugs at lærar også må vere med på omvisninga.

De vil bli mottekne i hallen vår. (Hovudinngangen)

 

Vi ynskjer dykk hjarteleg velkomne til Herøy vidaregåande skule!