Right menu

mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    

Informasjon

Herøy vidaregåande skule
Lisjebøvegen 4
6091 FOSNAVÅG

Telefon: 70080380
Fax: 70080381
banner

/ Forsiden / Siste nytt / NYE MARITIME KURS VED HERØY VGS HAUSTEN 2007

NYE MARITIME KURS VED HERØY VGS HAUSTEN 2007

Ressurssenteret ved skulen arrangerer både VHF/SRC-kurs (12t), kurs for Båtførarprøva (20t) og for Fritidsbåtskipper D5L (120t) dersom det er stor nok interesse. FRIST FOR PÅMELDING: 30. september. Alle påmelde vil få beskjed om kursstart, ev. om nokon av kursa ikkje kjem i gong.

Kursa startar frå byrjinga av oktober, og det er mogleg å delta på meir enn eitt kurs. I vår hadde vi til dømes fleire som tok VHF-kurset samtidig med Fritidsbåtskipper, og vi vil leggje opp kurskveldane slik at det passar for flest mogleg.

Kurskveldar blir truleg måndag og/eller torsdag, men i utgangspunktet legg vi opp til ein kveld med 4 skuletimar, kl. 17-20, pr veke, for kvart kurs. Vi tek atterhald om at det blir nok påmelde til at kurs kan haldast!

SRC/VHF: 3 kveldar + eksamen 1 time, kursavgift kr. 1300, eks.avgift: kr. 610

BÅTFØRARPRØVA: 5 kveldar + eksamen 1 time, kursavgift kr. 2100, eks.avgift kr. 525. NB: Gode familierabattar blir gitt dersom fleire frå same familie tek kurset samtidig!

FRITIDSBÅTSKIPPER: 30 kveldar + fleire eksamenar, kursavgift kr. 11.900, eks.avgift kr. 475 pr eks.

Fleire opplysningar om kursa: Tlf. 700 80 380 - 700 80 374. Sjå også Sjøfartsdirektoratet si heimeside: www.sjovett.no

Påmelding: Ring eller send e-post til agrunde@heroy.vgs.no

NB: Frist for påmelding er 30. september!

Administrasjon/leiar ressurssenter: Arnhild Giske Runde, tlf 700 80 374