/ Forsiden / Siste nytt / Ny maskinromssimulator!!
Endeleg kan elevane i vg2 maritime fag ta i bruk den nye maskinromssimulatoren.
Den gamle utgåva av simulatoren hadde store begrensningar, og etter at Nærings- og Handelsdepartementet gjekk ut og lovte midlar til slike prosjekt så søkte skulen om midlar. Midlar fekk vi, og for eit par veker sidan hadde vi besøk av to menn frå Polen, frå bedrifta som utviklar programvaren. Dei installerte og hadde opplæring på simulatoren i fleire dagar, og Oddvar Sørdal er godt fornøgd. No ser han fram til å kome i gang med opplæring av elevane i maritime fag. Noko av det nye er at ein kan bevege seg inn i eit virtuelt maskinrom til dei ulike maskiner, pumper, tavler m.m. og betjene desse.
Frå tolv studentstasjonar kan elevane få opplæring i korleis dei steg for steg klargjer for oppstart av både hjelpmotorar og hovudmaskineri. Frå "dødt skip" må mange ventilar og pumper i fleire system opererast før ein kan starte maskinene.
Elevar og lærar ser fram til å nytte simulatoren i mange timar i tida som kjem.